page view image

Landgang med Arne Torget, Ole Bergesen og Leirvik Mannskor

Arrangementsinformasjon
event image

Leirvik Mannskor har sett saman ein forestilling saman med Ole Bergesen og Arne Torget med det klingande namnet Landgang!   Sunnhordlendingane har alltid vore eit reisande folk, og sjøen har vore fartsvegen.  Vi har reist med små båtar og store båtar.  Vi har rodd over fjorden for å finna oss kåner.  Vi har reist med rutebåtar i alle fasongar i all slags ver.  Vi har reist ut på dei sju hav.  Men vi kjem alltid attende til vårt kjære Sunnhordland.

Vi har gjort Landgang over heile verda, og Leirvik Mannskor med den dugande dirigenten Ailin Sanden Nymark tar oss med på ei lita reise med sjømannsviser, shantyar og andre fengjande songar.

Arne Torget og Ole Bergesen mønstrar på som matrosar og dreg forestillinga i hamn på ein vonlegvis trygg måte.  På turen kjem det kjende songar, og songar med tekstar av Arne Torget og Åge Stokken

Restriksjoner

18 Års Aldersgrense

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte Billetter refunderes ikkje.